Striptease

Striptease er ein dårleg film. Enkelt og greit. Grunnen til at eg såg den var ein kombinasjon av tilgjengelegheit og nysgjerrigheit. Filmen oppnådde i si tid stor publisitet på grunn av Demi Moore, som fekk brystimplanter for å spele stripparen i filmen.

Handlinga er det ikkje så mykje å skryte av. Det er eit forsøk på å skape dramatikk rundt karakteren til Demi Moore, som er åleinemor og hamnar i ein vanskeleg situasjon då ho mistar foreldreretten. Ein kongressmann fattar interesse for ho og vil hjelpe til. Men ting går ikkje som dei burde likevel. Demi Moore blir eit offer. Og filmen er ein flopp.

Striptease 1996 plakat - Filmdagbok