Submarine

Submarine er langfilmdebuten til norsk-nigerianske Richard Ayoade, mest kjent som Moss i den britiske komiserien The IT Crowd. Filmen handlar om einebarnet Oliver som bur i lag med eit par slitne foreldre på kysten av Wales. Kvardagen til Oliver handlar om ei forelsking i venninna Jordana Bevan og å hindre foreldra frå skilsmisse.

Oliver er rar, men ikkje rar som i ein typisk uavhengig film. Han er intelligent, kan tilpasse seg og lar seg påverka som andre ungdommar, men er nok prega av å vere einebarn i ein familie der ikkje alt blir snakka om.

Submarine er ein oppvekstfilm som handlar om måten Oliver tilpassar seg endringar i livet på. Han får seg kjærast og ting endrar seg. Det flytter inn ein ny nabo, ein gammal flamme av mora, og Oliver føler at familiefreden er trua.

Det er ikkje alt Oliver reagerer like godt på, og det er denne blandinga av rare reaksjonar og normale reaksjonar som gjer Submarine god. Mest eit ungdomsdrama, men på ingen måte ein ungdomsfilm, og ein del komedie fører Submarine gjennom ei berg- og dalbane av kjensler.

Filmen er verknadsfull og Richard Ayoade har oppnådd eit godt resultat. Alle karakterane har sin plass og byggjer opp historia rundt Oliver. Filmen får eit mål og ei meining, og blir komplett i måten å formidle historia på. Alternativet er den type film som serverer scener og møter med folk som nødvendige stoppestader frå veg frå start til slutt.

Submarine var ei positiv overrasking, ein film eg ikkje hadde høyrt om på førehand, men tok ein sjanse på. Det betalte seg og eg kan anbefale han vidare.

Submarine 2010 plakat - Filmdagbok