Suburban Girl

Sarah Michelle Gellar går inn i rolla som ein redaktør av bøker i eit forlag. Ho er flink, men kan bli flinkare. Ho er på veg til toppen, men møter noko motstand.

Ho møter også ein fyr spelt av Alec Baldwin, som er ei legende i forlagsbransjen. Det startar med eit vennskap, men blir snart til eit forhold. Han har sine demonar, og ho veks mykje reint personleg i forholdet deira.

Dette er Suburban Girl i et nøtteskall, ein film med ein håplaus tittel. Det har nok med eit av verka til Melissa Bank å gjere, kvinna som står bak novellene som er grunnlaget for filmen.

Det er ein midt på treet og plankekøyrt romantisk komedie, viss lyspunkt i hovudsak er rolla og evna til Sarah Michelle Gellar i å vere rasjonell. Alec Baldwin er ikkje på sitt beste, men har likevel eit merkbar nærvær.

Forutan dette er nok Suburban Girl ein film å gløyme, fordi han har lite merkverdig ved seg.

Suburban Girl 2007 plakat - Filmdagbok