Summer Lovers

Rekordhøg puppefaktor og eit sexy trekantforhold er Summer Lovers i eit nøtteskal. Peter Gallagher og Daryl Hannah reiser på ferie i åtte veker til Hellas og møter ei ung, fransk kvinne der.

Summer Lovers spelar på alle klisjeane, men unngår likevel den verste fallgruva. Det er den ultimate 1980-talsfilmen i både form og musikk. Til dei grader på så seriøst vis at det blir eit fascinerande studie ved siden av showet av nakne kroppar.

Med meir opplagt sex kunne dette fort blitt mjukporno, men i staden er det eit eksempel på frigjort og eksperimentell ungdom.

Summer Lovers 1982 plakat - Filmdagbok