Summer School

Mark Harmon er den uheldige gymlæraren som må vere engelsklærar for ein gjeng udugelege elevar i sommarferien, mot sin eigen vilje. Etter ein problematisk start får han nok tak på elevane til å hente ut ei form for innsats, men det skjer ikkje gratis. Summer School minnar litt om The Breakfast Club, men i staden for biblioteket er trusselen om å miste jobben for læraren og å stryke for studentane, fengselet.

Det blir aldri så bra som The Breakfast Club, men Summer School er slettes ikkje den verste 1980-talskomedien. Det er ei fint ramma inn historie med litt romantikk til.

Summer School 1987 plakat - Filmdagbok