Sunset Blvd.

Kombinasjonen av Billy Wilder og film noir bør vere nok til å gi mange frysningar på ryggen, på ein god måte. Men kva med oss som ikkje har sett noko av mannen før, og har lite kjennskap til god film noir generelt?

Lat meg starte med eit kort samandrag. Protagonisten opnar med forteljarstemme i form av ein kommentar til sin eigen død. Spørsmålet er korleis dette skjedde, og me hoppar så tilbake i tid for å få heile historia. Manusforfattar Joe Gillis (William Holden) har idétørke og økonomisk trøbbel, tilfeldigheitene vil ha det til at han hamnar heim til den avdanka stumskodespelaren Norma Desmond (Gloria Swanson).

Gillis finn seg delvis tilrette i Norma Desmond sitt selskap, tilsett for å finpusse på eit personleg manus som dama har brukt tid på etter karrieren hennar tok slutt 20 år tidlegare.

Sunset Blvd. står godt på eigne bein, og er ikkje avhengig av kjent regissør eller film noir-kunnskapar. For min del fall han i smak fordi det er ein veldig god film, enkelt og greit. Det som gjer han det er nok meir enn ein ting.

For det første er han veldig samansett, han gir ikkje rom for undring i utval av scener. Alt er fletta saman i storslåtte kulisser, både fascinerande og litt grøssande. William Holden spelar Gillis godt og fungerer som ei bru mellom filmskaparen og publikum på fleire nivå i dialogane sine.

Blant anna påpeker Gillis i ei scene at filmar med eit psykotisk tema sel som varmt kveitebrød. Uansett om Billy Wildervar ute etter å selje eller lage ein god film, eller begge deler, så meiner han nok at utforskinga av det psykologiske er viktig. Norma er utan tvil meir enn det som føregår på overflata, sjølv om det er forstyrrande nok.

Eit nytt hakk i skjeftet med klassiske filmar er danna, men Sunset Blvd. blir ikkje gløymt med det første og plassert i kategorien med lite givande klassikarar. Nei, dette er ein fin film som klarer å holde merksemda på topp gjennom to timar utan å kjede eller forvirre. Slikt er ikkje kvardagskost.

Sunset Blvd. 1950 plakat - Filmdagbok