Super Mario World (1990)

Spel / 27. mai 2006
4/5

Per dags dato har eg runda Super Mario World tre gonger. Ein gong gjennom spelemulator, ein gong med Game Boy Advance og ein gong på ein Super Nintendo-konsoll.

Med andre ord kan dette seiast å vere et av mine favorittspel, da det trass alt tar litt tid å runde dette. Eg har alltid spilt det på tradisjonelt vis, utan å ta nokon snarveier eller hoppe over nokon brett. Men eg har heller aldri oppsøkt alle dei hemmelege tinga eller brydd meg om å fange alle myntane.

Eit todimensjonalt plattformspel med enkel grafikk og gode kontroller, er kva eg set pris på. Det skal heller ikkje vere for vanskeleg, men utfordrande nok til at nokon deler må prøves fleire gonger.

Super Mario World er på mange måtar midt i blinken her.

Super Mario World 1990 plakat - Filmdagbok

Regi

Takashi Tezuka

Sjangrar

Action, Eventyr, Familie, Fantasi

Land

Japan

IMDb

IMDb-side om Super Mario World

Forfattar