Superman/Batman: Public Enemies

Den tredje DC Universe Animated Original Movies-filmen i år er ei blanding av mange superheltar og skurkar.

Lex Luthor har blitt president og svertekampanjen mot superheltar som Superman og Batman, spesielt førstnemnte, kjenner ingen grenser.

Egoet til Luthor styrer retninga til filmen, som også handlar om ein meteorittrussel. Animasjonsfilmen er ganske rett fram, har mykje action, men manglar det heilt store. Litt for ofte blir eg sittande å spørje meg sjølv kvifor Superman ikkje bruker varmeblikket og farten sin.

Superman er ein vanskeleg karakter å lage spenning med, Superman/Batman: Public Enemies får kjenne dette, og blir aldri topp.

Superman/Batman: Public Enemies 2009 plakat - Filmdagbok