Superman/Shazam!: The Return of Black Adam

Superman/Shazam!: The Return of Black Adam er blant dei betre kortfilmane som har komme ut under fana DC Showcase.

Superman kjenner dei fleste til. Shazam! er ein ung gut som blir til ein vaksen superhelt når han seier shazam. Her må dei gå i lag for å klare å kjempe mot den mektige og farlege Black Adam.

Filmen har ein del tøffe kampar, og klarar å veksle fint mellom historieforteljing og få med seg nok av slåsting i løpet av under halvtimen. Eigentleg er dette ei passe lengde når det er kampscenene som er historia.

Superman/Shazam!: The Return of Black Adam 2010 plakat - Filmdagbok