Superman: Unbound

Den andre DC Universe Animated Original Movies-filmen frå 2013 er basert på teikneserien Superman: Brainiac frå 2008.

Ei drone landar på jorda. I lag med Supergirl avslører Superman at det er dronen til Brainiac, og at Brainiac stod bak bortføringa av byen Kandor på Krypton mens Supergirl framleis var der. Sånn startar kampen mot ein fiende som er Superman verdig.

Store deler av filmen består av slåstkampar, og her leverer han varene. Gode dramatiske høgdepunkt blir oppnådd og det er lett å bli engasjert. Resten av filmen er grei nok. Det personlege dramaet fengar ikkje meg like mykje, men var eit greitt bakteppe.

Superman: Unbound 2013 plakat - Filmdagbok