Superman vs. The Elite

I den 14. DC Universe Animated Original Movies-filmen er Superman tilbake for femte gang. Denne gongen blir han utfordra til ein moralsk kamp mot ei ny gruppe med superkrefter. For mannen i blått og raudt blir det ei utfordring å vere han som aldri går over streken.

Filmen er som dei andre i filmsatsinga til DC Universe Animated Original Movies basert på ein teikneserie. 2001-historia What's So Funny About Truth, Justice & the American Way? av Joe Kelly er grunnlaget for filmen.

Det byrjar med ein kamp mot superskurken Atomic Skull, som Superman har slåst mot før. Så dukkar ein ny fyr opp, Manchester Black, og han meiner at dei gjentakande kampane mot dei same skurkane er meiningslause. I lag med tre andre vil han drepe superskurkar, men Superman kan ikkje la dette skje.

Superman vs. The Elite klarer ikkje å gjere stort ut av seg i byrjinga. Små slagsmål og liten risiko pregar første del av oppbygginga. Men etter kvart som den verkelege motstanden til Superman blir klar, blir filmen også meir interessant. Den store trusselen forblir derimot fråverande, og sett bort frå eit kortvarig høgdepunkt er ikkje filmen spennande.

Den noko enkle, men i og for seg fornuftige moralen er med på å trekke filmen litt opp igjen. Kampen Superman kjemper er i like stor grad for å vinne folket som å vinne over The Elite.

Superman vs. The Elite 2012 plakat - Filmdagbok