Superstorm (2007–2007)

Serie / 30. april 2007
3/5

BBC runda nyleg av den hittil siste i rekka av politisk inspirerte miniseriar. Siden eg i heile tatt skriv om denne no så har eg også sett den.

Inndelt i tre deler på ein time kvar får me ei historie om forskarar og ymse folk relatert til vér som har blitt samla i ei gruppe for å finne ei løysing på et aukande orkanproblem. Under namnet Stormshield får desse tida inntil neste orkansesong på å finne ein effektiv måte å sleppe unna det verste på.

Å stoppe en orkan er verken lett sagt eller lett gjort. Og ei god løysing skal forklart på godt vis for å vere truverdig. Dette klarer Superstorm fint, og det er lite som kjennest direkte urealistisk for en som generelt ikkje har særleg peiling på vér.

I tillegg til gode simulasjonar, statistikkar og arkivfoto for å gjere det endå meir realistisk, kjem det etiske problemet ved vêrforandring, politiske interesser versus folkets beste.

Superstorm fanga fort interessa mi, mykje på grunn av den gode diversiteten. At BBC står bak er for meg et kvalitetsteikn som ikkje er til å oversjå, og at det er lagt arbeid i denne serien kan merkes på det høge nivået spesialeffektane har i seriesamanheng.

Superstorm 2007-2007 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

BBC

Skapar

Julian Simpson

Skodespelarar

Nicola Stephenson, Tom Sizemore, Chris Potter, JR Bourne, Cas Anvar, Jana Carpenter, Maury Chaykin, Maxim Roy, Russell Yuen, Emily Tilson

Sjangrar

Drama, Science fiction, Thriller

Land

Storbritannia, USA, Tyskland, Frankrike, Japan

IMDb

IMDb-side om Superstorm

Forfattar