Surplus: Terrorized Into Being Consumers

Ein dokumentar er noko som skal dokumentere noko. Det å dokumentere inneber enkelt og greitt at noko skal bli sagt. Krava som folk stiller til ein dokumentar er derimot ei anna sak. Mine krav til ein dokumentar er at informasjonen ikkje skal vere skjult. Han skal heller ikkje vere redigert eller sett saman av ulike stemmer for å oppnå ein effekt som påverkar. Han skal rett og slett vere ekte, subjektiv og ikkje propaganda.

Surplus: Terrorized Into Being Consumers er reinspikka propaganda, og ein lite truverdig ein også. Han brukar verkemiddel som humor og repetisjon, som eg i andre tilfelle kan godta, men ikkje i dette tilfelle. Når det kjem til engasjement, så lykkast filmen i å skape diskusjon blant sjåarane. Det er vanskeleg å halde seg likegyldig til forma Surplus: Terrorized Into Being Consumers kjem i. Men eit visst punkt ut i dokumentaren blei eg så oppgitt av vinklinga at eg rett og slett måtte snu meg vekk og ta ein pause.

Det handlar som tittelen tilseier om å konsumere, og i denne forstand varer. Filmen rettar kritikk mot forbrukssamfunnet, og har lite positivt å sei om det. Filmen har intervju med John Zerzan som snakkar om det idylliske steinaldersamfunnet, klipping av kjente politikarar med humoristisk voice over og skryt av systemet som finst på Cuba med eit enkelt merke for kvart produkt. På dette område er dokumentaren faktisk sjølvmotseiande. Når me tidlegare får innprenta at det å måtte velja mellom tre ulike produkt ikkje er nok fridom, og så blir det med eit produkt på Cuba seinare ein god ting.

Visuelt sett er dette ein fin dokumentar, men på alle andre område må eg sei det var ein trist farse. Som nemnt tidlegare så er ein av mine krav til dokumentaren at han skal framstå som subjektiv og ikkje objektiv, spesielt når det er eit så politisk tema som blir handsama.

Surplus: Terrorized Into Being Consumers 2003 plakat - Filmdagbok