Survival of the Dead

I det som i skrivande stund er den førebels siste av Dead-filmane til George A. Romero, ei rekke zombiefilmar, er handlinga lagt til ei øy ved kysten av USA.

Ein zombieepidemi blir prøvd stoppa ved både slåsting og håp om å kurere dei levande døde.

Me møter folk på øya og ei gruppe nye folk som kjem til øya, i dette valdelege blodbadet der konflikten ikkje berre er mellom levande døde og levande, men også mellom levande og andre levande.

Det er ein heilt grei film, men ingenting spesielt. Det er omtrentleg midt på treet. På IMDb er dette rangert som den svakaste av Dead-filmane, og sjølv om eg ikkje tykte han er tilsvarande dårleg som gjennomsnittet, tykte eg også dette er den svakast filmen.

Survival of the Dead 2009 plakat - Filmdagbok