Suspiria

Dario Argento er kjent for å lage ein del filmar i giallo-formatet. Suspiria er ein av filmane hans som kom etter giallo-perioden, og høyrer til dei overnaturlege åra hans.

Suzy Bannion kjem til Tyskland for å studere på ein god danseskule der ikkje alt er som det skal vere. Den kvelden ho kjem ser ho ein av elevane komme ut døra på skulen, for så å forsvinne ut i skogen. Neste dag blir denne eleven funnen død. Når Suzy har fått flytta inn på eige rom og komme i gang med skulen blir ho brått veldig uvel, og må få servert middag på rommet.

Dette er så langt eg vil fortelja, så eg ikkje øydelegg opplevinga i alle dei rare tinga som skjer etter kvart. Musikken er veldig nervepirrande, og er framført av Goblin, eit italiensk band som framføre progressiv rock, og som blant anna laga musikken til Profondo Rosso.

Bruken av kamera er utruleg godt gjennomført, i bruken av utsnitt og ikkje minst den sterke fargebruken. Eit stort pluss der. Uansett situasjon så spelar musikken og kamera ei fantastisk god rolle. Ei scene heilt i starten når det blir fokusert på motoren på ei automatisk skyvedør fekk meg nesten til å fryse nedover ryggen i fryd. Det må opplevast.

Grøssarar er ikkje noko eg generelt er så oppmerksam på, men Suspiria har eg lenge hatt i tankane etter å ha blitt tipsa av ein giallo-frelst. No sa eg at Suspiria ikkje var ein typisk giallo-film, men han er framleis gjennomtrengjande.

Suspiria 1977 plakat - Filmdagbok