Swamp Zombies!!!

Eg visste at det var ein potensielt elendig film før eg så han. Swamp Zombies!!! hadde 2,7/10 på IMDb. Len Kabasinski var tidlegare gjest hjå Red Letter Media, gruppa bak eminente Half in the Bag, ein serie laga for internett med filmmeldingar. Der han nettopp snakka om dei dårlege filmane sine.

Forventingane var låge, og speletida på nærare to timar hjelpte endå mindre på. Men eg tenkte at om eg skulle sjå ein av filmane til Len Kabasinski, så ville eg starte med hans første.

Swamp Zombies!!! er ein zombiefilm med verkeleg lågt budsjett. I dette tilfelle betyr det dårleg lyd, varierande bildekvalitet og eit alt anna enn kresent forhold til skodespelarane. På toppen av dette er det litt for mykje som kjem med. Klipperytmen kunne ha vore raskare. I dei fleste tilfelle hadde eg slått av ein slik film tidleg, men ikkje denne gongen.

Det er likevel positive sider ved filmen. Han har ei grei plattform, med ei passe logisk historie. Ufrivillig humor er eit stort pluss. Slåstinga er ikkje verst, det er vanskeleg å få god slåsting med låg klipperytme, men det går her. Sånn sett er filmen heilt i toppsjiktet innanfor karakteren eg gir. Eg er i overkant streng med karaktergivinga samanlikna med andre dårlege filmar.

Swamp Zombies!!! er for spesielt interesserte, og knapt så. Det positive eg har nemnt er trass i alt det dårlege. Eg nektar heller ikkje for at det vart kjedeleg. Berre ikkje så kjedeleg som eg forventa. Og dermed blei det haldbart.

Swamp Zombies!!! 2005 plakat - Filmdagbok