Sweeney Todd: The Demon Barber of Fleet Street

Sweeney Todd: The Demon Barber of Fleet Street er eit prakteksempel. Ikkje på god film, men på kva filmane til Tim Burton har blitt redusert til, der to ting har blitt tatt til det ekstreme, mens ein tredje har blitt nedprioritert.

Eg snakkar i hovudsak om den gotiske visuelle stilen og klovnetypen til Johnny Depp som dei to primære tinga å legge merke til, og ei dårleg gjennomført historieforteljing som det som manglar.

Tidleg Tim Burton er noko eg set pris på. Edward Scissorhands er på mi relativt korte liste over filmar rangert 5/5. Han hadde i motsetnad til Sweeney Todd: The Demon Barber of Fleet Street eit utprega fokus på ein god karakter og ei eksemplarisk framdrift.

Sweeney Todd: The Demon Barber of Fleet Street 2007 plakat - Filmdagbok