Swimming Pool

Lenge var det berre musikken som hinta til ei mystisk stemning, og historia om forfattaren Sarah Morton (Charlotte Rampling) og den unge Julie (Ludivine Sagnier) gjekk sin gang. Men etter kvart tok denne filmen ei anna retning, meir i den stilen som du får inntrykk av at Sarah skriv i. I fare for å gi eit feil bilde, vil eg likevel sei at det vart ganske så skrudd utover, men på ein positiv måte. Det vart faktisk ganske så interessant, og det heile toppa seg på slutten.

Sluttar er ein vanskeleg del av ein film. Om han skal vere lykkeleg, tragisk, open eller lukka. Dei einaste orda eg vil dele om slutten her er ganske enkle, bra og interessant.

Som eg nemnde, så hinta musikken til ei mystisk stemning, dette merker eg allereie i introduksjonen til filmen, men musikken følger oss gjennom heile. Det er på ingen måte ein ny sjanger, men ein type musikk som er gjengangar i litt mystiske krimfilmar. Dette er det som kanskje gjer det enklare å putte denne filmen i ein bås, utan å vere negativ. Musikken var med på å sette ei slik stemning at eg ikkje gav opp, trass i at det heile tok tid.

Eit anna poeng er at eg generelt har ei viss interesse for filmar om forfattarar, enkelt og greit.

Det er ikkje til å komme utanom at dette er første filmen eg ser med Charlotte Rampling, men det er ikkje på grunn av at ho er ein dårleg skodespelar, for det er ho ikkje, iallfall ikkje i denne filmen. Ho gir ei fin tolking av den litt kalde, om ikkje akkurat sure, engelske forfattaren Sarha Morton.

Julie er ikkje ei fullt så stereotypisk fri ung jente som du ofte ville ha funne i ein Hollywood-produksjon, noko som fører til at eg ikkje kan rakke ned på ho heller. Men heller enn det vil eg faktisk sei at denne filmen er god.

Swimming Pool 2003 plakat - Filmdagbok