Swiped (2018)

Film / 10. juli 2019
2/5

Swiped er ein ungdomskomedie som bommar på mange ting, men der i det minste filmens historie er grei og filmens hending har god nok flyt.

Det handlar om den kodeglade nerden James som byrjar på college. Han er flink nok til å studere med dei beste, men har berre økonomi til å gå på eit offentleg college. Som romkamerat får han damemagneten Lance, som ikkje er opptatt av det faglege.

Lance og vennene hans pressar James til å lage ein hook up-app. Det har seg slik at James likar ei jente på college, og han håpar å kunne nå ho gjennom appen. Men appen utviklar seg til å bli langt verre for kvinnelege brukarar enn James hadde forestilt seg.

Lance blir spela av Noah Centineo, som spela hovudrolla i den gode romantiske komedien The Perfect Date, som eg òg fann på Netflix tidlegare i år. At han stod på rollelista fekk meg til å tru at dette kunne vere av tilsvarande kvalitet. Men Swiped er prega av ein manglande sans for detaljar, tidvis dårleg skodespel og klypping, og ein svak teknisk produksjon. Lyssettingen til omtrent heile filmen er skrudd.

Eg skulle gjerne likt å sette filmens historie bli gjort bra. Det er potensiale her til å bli ein artig ungdomskomedie. Oppbyggingen av filmen fungerer greitt, med det er noko med skodespelet, klyppingen og timingen som tar brodden ut av potensielt artige augneblinkar.

Tidlegare var det lett å skilje mellom komediar som gjekk på kino (kinofilmar), blei sendt på tv (tv-filmar) og kom rett på video (videofilmar). Desse grensene har delvis forsvunne, men i tilfellet med Swiped er det tydeleg at dette er ein videofilmkvalitet. Nedst på rangsstigen.

Swiped 2018 plakat - Filmdagbok

Regi

Ann Deborah Fishman

Manus

Ann Deborah Fishman

Skodespelarar

Noah Centineo, Kristen Johnston (I), George Hamilton (I), Christian Hutcherson, Kendall Ryan Sanders, Nathan Gamble, Kalani Hilliker, Leigh-Allyn Baker, Shelby Wulfert, Chase Victoria

Sjanger

Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Swiped

Forfattar