Synecdoche, New York

Synedoche, New York får litt pes rundt om på enkelte kulturnettsider. I mine auger er dette ein av dei beste, nye filmane i år. Han går inn under mi begeistring for metafilmar, som er filmar som er oppmerksam på og nyttar samanhengen mellom livet til karakterane og deira plass i ei oppdikta verd. Berre at her er det i samanheng med eit teaterstykke i filmen.

Charlie Kaufman er også ekspert på forholdet til verda utanfor fiksjonsfilmen. Filmen er smått langsam, men han tar av, forvirrar, blandar fiksjon med metafiksjon og hoppar uforsvarleg brått i tid på ein måte som gir lyst på gjensyn.

Og eit gjensyn blei det åtte år etter. Filmen scora ikkje så høgt denne gongen, og eg reduserte rangeringa eit poeng ned på skalaen. Det er framleis ein god film, men har er litt for lang og blir litt for mykje. Han dveler ved dei same poenga for lenge og for ofte til at eg meiner at lengda kan bli forsvart.Om det har med gjensynet å gjere, eller ein måte å sjå filmar på som har utvikla seg, kan eg ikkje svare på. Men når eg såg filmen for første gong i 2009, så var han betre.

Synecdoche, New York 2008 plakat - Filmdagbok