Take the Money and Run

Take the Money and Run er den første skikkelege langfilmen til Woody Allen. What's Up, Tiger Lily? som kom tre år i forvegen var eigentleg ein japansk film han berre dubba på nytt, sjølv om han står oppgitt som regissør på han.

Dei tidlegaste komediane til Woody Allen er noko heilt anna enn kva han har gjort dei siste åra. Dei var meir direkte og overflatisk komedie. Først mot slutten av 1970-talet begynte dette å endre seg.

Take the Money and Run handlar om ein udugeleg bankranar, spelt av Woody Allen. Han blir fortalt som ein dokumentarfilm, og tar for seg livet til bankranaren. Om interessene hans og korleis han har utvikla seg frå barndommen av.

Filmen er ikkje noko kunstverk akkurat, men har ein del artige idear. Sånn sett fungerer han best som ein smakebit på trekk Woody Allen skulle gjere mykje betre seinare i sin karriere. Som ei eiga sak er det ikkje det største drivet i Take the Money and Run.

Take the Money and Run 1969 plakat - Filmdagbok