Talladega Nights: The Ballad of Ricky Bobby

Film · 2006 · · 1. desember 2006
3/5

Nascar er omtrent så typisk amerikansk som det kan bli, raske bilar og store stadion. Eg ser ikkje anna i det enn at det er veldig repeterande å sjå bilar som durar rundt og rundt på same bane opptil 500 gonger på det meste. Men forstår at det nok er eit lite kick å stå heilt opptil bana når bilane nærast flyg forbi.

Talladega Nights blir like meiningslaus for meg som Nascar. Første halve filmen ser ut som ein einaste lang og dårleg reklamefilm, og skuffa meg veldig, med unntak av ei rullestolscene og første møte med rolla til Sacha Baron Cohen. Den franske aksenten hans er tilnærma identisk med den kasakhstanske i Borat, forutan eit par franske ord, men fyren er ein av dei artigaste.

Det er ikkje meir å nemne med denne filmen. For det ser ut som, og er sikkert nok berre ein grunn til å tene pengar. At filmen aldri kom på kino i Noreg ser eg ikkje som noko tap. Han hadde vel ikkje vakt interesse med tanke på at sjølve sporten ikkje er særleg populær her, og han er heller ikkje morosam nok.

Talladega Nights: The Ballad of Ricky Bobby 2006 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Will Ferrell (I)John C. Reilly (I)Sacha Baron CohenVis alle

Sjangrar

Land