Tallulah

Eit ungt par lev frå hand til munn og reiser gjennom USA på ubestemmeleg tid i Netflix-filmen Tallulah. Dei søv i ein bil og drøymer om å vere fri, eller har ein redsel for noko. Kven veit. Uansett går den mannlege parten etter kvart lei og forsvinn ut av bildet.

Tallulah (Ellen Page) blir igjen åleine, og innser at det ikkje er liv laga å reise åleine. Ho drar difor til New York og oppsøker mora til mannen som forlét ho på turen. Og for å hoppe litt i handlingsreferatet så har ho med seg eit barn som ho seier er hennar og det til hennar tidlegare reisefølge.

Bortsett frå å vere ein passe kjedeleg film er dette ein vag film i kva han prøver å formulere. Eg tenker i hovudtrekk på ei førebels positiv vinkling på ei kidnapping, noko om at tilfeldige intensjonar er eit slags moralsk argument. Filmen er på ingen måte god til å formulere noko om moral. Og Tallulah er ein fæl karakter.

Tallulah 2016 plakat - Filmdagbok