Tamara Drewe

Film / 2010
4/5

Stephen Frears står bak fleire solide filmar, og gjer nok ein gong ein god jobb med Tamara Drewe. Ein komedie om forfattarar og utruskap.

På førehand, og også etter nokon minuttar ut i filmen, hadde eg ikkje noko spesielt inntrykk av Tamara Drewe forutan at det var ein enkel komedie. Men etter kvart som filmen spelar seg ut, kjem djupna til karakterane fram, og val må bli tatt som må bli fortalt på ein stødig måte for ikkje å verke billeg.

Stephen Frears viste med Dangerous Liaisons at han kunne handsame finurlege spel, og med High Fidelity at han kunne handsame håplaus romantikk. Noko av dei same trekka finn du i karakterar i Tamara Drewe. Blant anna er kvinna som filmen er namngitt etter, Tamara, ein karakter som det tar tid å lære motivasjonen til.

Filmen er lettfatteleg, men ikkje opplagt eller nødvendigvis avslørande opplagt i forteljarstilen sin. Handling og motivasjon blir avslørt gradvis på ein måte som held oppe interessa fram til siste slutt. Trass i at dette er ein ukomplisert film.

Tamara Drewe 2010 plakat - Filmdagbok