Tangled

Rapunzel er fødd med fint lyst hår som lyser når ein spesiell song blir sungen. Når håret lyser blir dei som rører det friske eller yngre.

Tangled er den Disney-animerte versjonen av eventyret. Fargerik, full av song og dyr med menneskelege sjeler. Men samtidig dramatisk, eit nikk til karma og alt det andre som kan bli forventa.

For min del var det artigaste med Tangled det som skjedde på sidelinja. Hovudhandlinga var gjennomført som eg forventa at ho skulle, positivt meint. Men det var humoren i rolla til ein hest og ein kameleon som friska opp dette nok til at det var verdt dukken inn i prinsessesjangeren igjen.

Tangled 2010 plakat - Filmdagbok