Tapeheads

I 1988 var MTV blitt big business og hadde stor innverknad både på bransjen og ungdommen. Ei gruppe som gav ut musikk måtte ha ein musikkvideo for å slå best mogleg gjennom.

John Cusack og Tim Robbins er to unge menn som etter high school ikkje har komme seg lengre enn til å bli vektarar. Ein dag ser John Cusack potensiale i videokunnskapane til Tim Robbins, og bestemmer at dei skal starte eit produksjonsselskap.

Vegen til toppen går via elendige produksjonar og er ikkje spesielt spennande heller, men filmen fangar likevel så mykje av det som er blitt typisk 1980-talet at det blir heilt greitt.

Tapeheads 1988 plakat - Filmdagbok

Publisert

6. mai 2009 av

Regissør

Bill Fishman

Manusforfattarar

Jim Herzfeld, Ryan Rowe, Bill Fishman, Peter McCarthy (I)

Skodespelarar

John Cusack (I), Tim Robbins (I), Mary Crosby (I), Clu Gulager, Katy Boyer, Jessica Walter (I), Sam Moore (II), Junior Walker (I), Susan Tyrrell, Doug McClure (I)Vis alle 97 skodespelarar

Sjangrar

Komedie, Musikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Tapeheads