Tatt av kvinnen

I går var eg på noko så sjeldan som ein kinopremiere til ein norsk film. Eg skammar meg litt over at eg ikkje er det oftare, for det eg har sett dei siste par åra har vore bra, Tatt av kvinnen er ingen unntak.

Trond Fausa har etter kvart blitt eit kjent namn. For meg var det via Den brysomme mannen han noterte seg. Rolla hans i Tatt av kvinnen har visse likskapar. Han spelar ein beskjeden mann som så altfor enkelt lar ei kvinne styre livet sitt. Men i Tatt av kvinnen gjer han opprør mot dette, og filmen har stor avstand til det kjenslelause bybilde som pregar Den brysomme mannen. Å samanlikne for mykje med den filmen vil ikkje få meg så langt.

Dette her er ein varmare komedie med mykje meir brå humor, samtidig som han klarar å ta vare på menneske på ein god måte. Ingen kjennest unødvendige her.

Eg kunne sagt mykje meir om filmen, men vil gi meg med tre enkle ord: Han er god.

I 2010 skreiv eg ei masteroppgåve med bildeanalysar av norske kinoplakatar. Plakaten til Tatt av kvinnen var ein av dei eg analyserte. Eg vil her gjengi kapittelet frå oppgåva. Noko gjentaking om filmen frå teksten over kan finnast.

Tatt av kvinnen er basert på ei bok av Erlend Loe og har Trond Fausa i hovudrolla. Han spelar ein mann som får ei kvinne inn i livet sitt, ei kvinne som vil ta i overkant stor plass i tilveret hans. Kjærleiken er komplisert, og for å unngå vidare komplikasjonar, let han styre seg av kvinna. Kvinna krev veldig mykje. Mannen bestemmer seg etter kvart for å forsøke å ta kontroll igjen over sitt eige tilvere, og lage rom for seg sjølv i forholdet. Dette blir ein hard kamp, ein kamp både mot kvinna og for eit balansert forhold.

Filmen er ein mann sitt syn på ei dominerande kvinne, gjort med glimt i auga og med humoristiske observasjonar av småting i kvardagslivet, slik som i boka til Erlend Loe. Han framstiller synet til ein mann på ei kvinne, i etterkant av ei kvinnefrigjering der likestilling er regjerande. Men filmen unngår, ved hjelp av ein mannsrolle som må vere skuld i plassen sin sjølv, å bli eit politisk manifest mot kvinnefrigjering. Tatt av kvinnen er ein komedie som let oss observere eit forhold på avstand. Ved å halde ein viss avstand til mannen i filmen, vil filmen få fram den sprø kontrollen kvinna har over han, utan å trekkje oss med inn i frustrasjonen hans.

Formale trekk

Plakaten til Tatt av kvinnen består i grove trekk av tre seksjonar: Logo, illustrasjon og kredittblokk. I tillegg kjem nokre mindre detaljar, samt at kvar seksjon kan delast inn i endå fleire og mindre delar.

For å starte med toppen: Denne øvre delen består av tre linjer tekst. Plassert øvst, med feit kvit skrift står Basert på Erlend Loes roman. Eit luftig linjehopp skil den i frå teksten MONSTER FILM PRESENTERER EN FILM AV PETTER NÆSS, der skrifta har fått ein lysare oransje farge, og orda i midten: PRESENTERER EN FILM AV er noko mindre enn namna føre og etter. På linja under står logoen: Filmtittelen TATT AV KVINNEN beståande av versalar, ein feit og kvit variant. Storleiken på logoen er den største av teksten på dei tre linjene.

Teksten i toppen er plassert i eit lag over illustrasjonen. Illustrasjonen består av ein varm raudfarge med innslag av oransje og gul, med ein tekstur som minnar om skyer eller røyk. Bakgrunnen strekkjer seg nedover og er òg bakgrunn for illustrasjonen som følgjer under. Illustrasjonen består av fire delar: Ein stor illustrasjon av mannen og kvinna i midten og tre mindre under, plassert føre og bak den store illustrasjonen. Dei tre mindre er av to personar på ein sykkel, nokre menn på ein benk og ein person med ryggen til, ståande ved eit rekkverk.

Den store illustrasjonen av ei kvinne som held ein mann i famna si, dekkjer litt over halvparten av høgda til plakaten. Kvinna har den eine handa si under knea til mannen, og den andre under ryggen. Ho lener seg litt framover, og vender hovudet endå vidare framover enn resten av kroppen. Hovudet hennar blir sett i profil, og det mørke håret hennar er festa i ein hårstrikk. På seg har ho ein mørk topp som stoppar ved skuldrene og har skuldrene med eit ope parti øvst på brystet. Neglene på hendene hennar er dekorert med ein mørk farge som går i eitt med toppen og håret. Mannen i famna til kvinna har på seg ei mørkeblå bukse, ei lyseblå skjorte og eit par med symjebriller på panna. Hovudet hans er vendt mot oss som publikum, og augo hans ser direkte på oss. Dei er vidopne med mykje av det kvite synleg.

Av dei tre mindre teikningane, er den til venstre av ein mann på sykkel med ei kvinne på bagasjebrettet. Teikninga i midten er av ti halvnakne menn, dekka til av handdukar. Mennene sit på ein benk med fleire nivå. Denne delen av illustrasjonen er lysare i midten, rundt dei to mennene i midten. Den tredje teikninga skil seg ut ved å forsvinne bak den store teikninga av mannen og kvinna, i motsetning til dei to andre som er plassert i framgrunnen. Like under og delvis bak desse tre små teikningane, går ein ujamn kant som enden på penselsstrøk. Over den kvite bakgrunnen som tek opp plassen nedst på plakaten står namna til dei sentrale skodespelarane i stor skrift. Under følgjer kredittblokka i noko mindre skrift, før ei rekkje små logoar er plassert under kredittblokka.

Analyse av formale trekk

Når eg ser på denne kinoplakaten, ser eg ein komedie som handlar om kjærleik, vennskap, det å lengte og det å føle seg ukomfortabel. Samstundes ser eg ein film som legg vekt på det å vere jordnær. Kva er det som får fram dette?

Filmen har lenge vore eit mannsdominerande medium med mannlege produsentar, regissørar og skodespelarar i hovudrolla. Dette har ført til at filmen i stor grad har ein mannleg innfallsvinkel på handling og historie. Laura Mulvey skriv i essayet Visual Pleasure and Narrative Cinema om det mannlege blikket. Ho nemner spesielt 1950- og 1960-talet då ho foreslår to modellar: Den voyeuristiske og den fetisjistiske, måtar som menn ser på kvinner på i film. Sett både med eit kritisk blikk og med tanke på endringar som har skjedd sidan den gong, kan ein ut frå rolla menn har hatt i filmproduksjonar, sjå at han har hatt ei dominerande rolle. Om folk ikkje var van med denne dominansen på film og elles, hadde ikkje plakaten til Tatt av kvinnen kunne oppnådd same effekt. Uttrykket til mannen speglar eit forskrekka sinn, eventuelt skeptisk eller noko overraska. At han har ei slapp holdning med armane hengande ned, gjer han hjelpelaus framfor å vere i kamp med situasjonen.

At kvinna held mannen kunne lett ha blitt ei konstatering av ei maskulin kvinne, men synleg neglelakk og eit sminka andlet, mørk leppestift, augevippar og augebryn, gjer ho feminin. Mannen får med symjebriller på panna eit guteaktig preg, men ser likevel vaksen ut med synleg skjeggvekst. Ein avstand frå ei maskulinisering av kvinna og feminisering av mannen, i form av endring av utsjåande, legg meir av meininga bak posituren over på personane framfor kva kjønn dei er. Dette til trass for byte av rollene deira i samanlikning med Gone With the Wind, ein plakat eg kjem tilbake til.

Det kjem fram at dette er ein film som handlar om mannen. Han er sentral i alle dei fire delane som bildeelementet er sett saman av. Mannen hamnar i eit forhold som han ikkje har kontroll i, der han blir tatt av kvinnen. Dette kjem fram av kontrollen kvinna har over mannen ved å halde han i lufta. Frå dette standpunktet kan ein lese filmen på fleire måtar, til dømes ut i frå kva erfaring ein sjølv har. Det kan dreie seg om ein mann som er blitt tøffel i eit forhold. Tøffel kjem av ordet tøffelhelt, er ein mann som let seg kommandere rundt av kona si, og skyr konfliktar. Eller at ho på ein anna måte, kanskje ved ein gitt situasjon, har eit overtak på mannen. Illustrasjonane under viser mannen som ein person som styrer ein sykkel, samtalar med ein anna mann og ser mot horisonten frå ein posisjon bak eit rekkverk. Kontrollposisjonen han har på sykkelen, likevel om kvinna bakpå skulle vere den som bestemmer retninga, viser at han ikkje er frårøva all myndigheit. Grunna detaljnivået i illustrasjonen er det vanskeleg å sjå om det er den same kvinna her, som ho som held mannen over. I illustrasjonen i midten har han ein samtale med ein annan mann. Gjennom slike samtalar kan han bli påverka av andre enn kvinna, og få innspel på korleis han skal vere sin eigen herre. Dette gir filmen eit preg av å vere meir enn berre ei historie om undertrykkinga av ein mann.

Plakaten er med på å fremme eit jordnært uttrykk i relasjonane mellom folka som er med. Det er den romantiske gesten i å gi ei kvinne skyss på sykkelen, ved å bruke si eiga kraft i handlinga. Ein anna gest som kan samanliknast med denne, er ein tur i robåt, der mannen ofte er den som skal føre årene. I motsetning til ein til dømes påkosta, glamorøs tur i limousin, krev roinga meir av ein person gjennom fysisk anstrengelse. Måtar å gi av seg sjølv vil variere frå person til person, men eg tolkar det her som at dette handlar meir om desse to som personar, då det materielle som kan knytast til situasjonen er liten.

På same måte kan ein tolke samtalen i badstova som eit anna teikn på at filmen handlar om det å vere jordnær. I denne delen av bildet har me to menn som pratar i lag, nesten avkledd, som kan lesast som ein metafor på at samtalen mellom mennene er ein meir avkledd samtale om kjensler og meiningar.

Ein raud og flammande bakgrunn kan stå som symbol for brennande lidenskap, og er med på å byggje opp bak det romantiske ved nærkontakten mellom mannen og kvinna. At det komiske ved posituren deira blir romantisert, legg ei viss form for truverdigheit tilbake i forholdet mellom desse to. Ut i frå det eg har sett av denne plakaten som ein komisk film, kan stemninga her vere med på å gi inntrykk av at dette er ein romantisk komedie. Mars & Venus er eit anna døme på raud bakgrunn på ein romantisk, norsk film, og det same kan seiast om Tommys inferno.

I ein kulturell kontekst

Tatt av kvinnen innfrir forventingane til ein klassisk kinoplakat. Med Gone With the Wind frå 1939 som den klare inspirasjonskjelda, har berre personane og kjønnsrollene, teksten og hendingane i dei små illustrasjonane blitt endra. Tatt av kvinnen er ein kopi av ein versjon av plakaten til Gone with the Wind, som kom i samband med ei nylansering av filmen i 1968. Den er ein pastisj, då den i tillegg til etterlikne innhaldet, har ei stilistisk likskap. 1968-versjonen av plakaten til Gone With the Wind har blitt ståande som eit av dei ikoniske uttrykka til filmen. Bakgrunnen for innfriinga til ein klassisk kinoplakat er ei oppfylling av fleire krav til element som folk skal kunne knyte eit samband til. Som her er den klare referansen til plakaten som ein kopi av Gone With the Wind, både i filmtittel og komposisjon. To kjente andlet innanfor norsk filmbransje pregar plakaten, og namna deira er lett leselege under. Øvst blir forfattaren bak boka som filmen er basert på, Erlend Loe, brukt for å trekkje fleire trådar til ei anna godt etablert merkevare innanfor norsk kultur.

Å snakke om originalitet når det gjeld kinoplakaten er eit område ein må trø varsamt på. Plakatane bør oppfylle visse krav, og utforminga til mange plakatar liknar på kvarandre fordi det er lagt føringar for at enkelte oppsett sel betre. Når det gjeld Tatt av kvinnen, vil eg få fram at den ligg kortare unna eit originalt uttrykk, som ein pastisj av Gone With the Wind. Til trass for mangelen på originalitet skil plakaten seg ut som meir kunstnarisk, noko som har med valet av illustrasjon framfor fotografi å gjere.

Som me allereie har sett er denne plakaten nesten identisk med ein tidlegare plakat, den til Gone With the Wind. Plakaten har eit klassisk uttrykk som me framleis ser i bruk på plakatar i vår tid, særleg om ein legg vekt på innhaldet i dei ulike bilde- og tekstelementa. Dette har naturlegvis noko å gjere med at filmen ikkje har hatt noko revolusjonerande endring av innhaldet sidan den gong. Valet bak å framheve Erlend Loe som forfattar bak boka som filmen er basert på, er i tråd med andre plakatar si framheving av kjente namn som kan knytast opp til filmen. Mellom ulike plakatar kan ein finne variasjonar i korleis ulike personar blir trekt fram. Fleire filmar er basert på bøker, utan at dei har forfattaren sentralt plassert på plakaten. Eit døme på dette er plakaten til Herman, ein film basert på ei bok av Lars Saabye Christensen. Her har Lars Saabye Christensen fått namnet sitt langt nede på plakaten, og er ikkje utheva i forhold til noko av den andre teksten ein finn nedst. Lars Saabye Christensen var den gong som no, ein kjent norsk forfattar, då han allereie i 1984 slo i gjennom med boka Beatles både i og utanfor Noreg.

Tatt av kvinnen 2007 plakat - Filmdagbok