Taxi 4

Taxi 4 var den siste av dei fem Taxi-filmane eg hadde tilgode å sjå. Nyleg såg eg Taxi 5, som kom ti år etter denne og hadde andre karakterar. Taxi 4 følgjer opp Taxi, Taxi 2 og Taxi 3 og har dei same skodespelarane.

Filmen består av biljakt og politikomedie, stort sett. Historia omhandlar ein farleg belgisk fange som politiet i Marseilles får i oppdrag å frakte vidare ut av landet. Dei to viktigaste karakterane i filmen er politimannen Émilien og taxisjåføren Daniel, og dei blir innblanda i dette oppdraget som på eit eller anna punkt er nøydd til å gå dårleg.

For å få alt til å bli bra igjen trengs god køyring og flaks.

Taxi 4 er ein kurant fransk komedie, men eg får litt inntrykk av at han prøver for hardt og har ei rekke banale vitsar. Korleis dei første Taxi-filmane var, og spesielt den aller første, hugsar eg ikkje. Så om dette er plankekøyring og repetisjon, eller ein utvatna variant av sine forgjengarar, eller like bra, det veit eg ikkje. Det er iallfall litt over midt på treet, men nokre artige innslag og høgt tempo.

Taxi 4 2007 plakat - Filmdagbok