Taxi 5
Det er mange år sidan eg såg dei tre første Taxi-filmane, og det hadde gått meg hus forbi at det var komme ein Taxi 4 og Taxi 5. På grunn av moglegheita til å sjå Taxi 5 nedlasta og på farten, så har eg framleis Taxi 4 tilgode.
Taxi 5 er ein biljakt- og politikomedie som står godt på eigne bein. I det oppdikta universet til handlinga finst dei førre filmane som forhistorie, men er ikkje nødvendig å ha sett for å få maks utteljing frå denne. Bilen som er den raske taxien og ein sentral rekvisitt, er den same som før. Og me får fortalt akkurat nok av historikken hans for å godta at han finst.
Hovudpersonane i Taxi 5 er nye til samanlikning frå dei fire førre filmane. Det eine av dei er i slektskap med karakteren Émilien. Mens politimannen ikkje har noko tilhøyre til tidlegare karakterar.
Handlinga omfattar jakta på ei kriminell italiensk gruppe som ranar gullsmedar og stikk av i raske bilar. I tillegg handlar det om at råskinnet av ein politimann som heiter Sylvain, blir omplassert frå Paris til lokalpolitiet i Marseilles. Og ganske snart blir den håplause nevøen til Émilien frå dei førre Taxi-filmane involvert i handling og etterforsking. Med seg som andre politimenn har Sylvain ein gjeng udugelege betjenetar.
Oppbygging og framhaldet til Taxi 5 er så enkelt at eg vil unngå å røpe meir av handlinga. Det er greitt å stille med blanke ark til forløpet, men vere førebudd på at filmen i størst grad leverer tøff bilkøyring og enkel humor.
Eg tenkte som så at sidan både Taxi 4 og Taxi 5 hadde gått meg hus forbi hittil, så var dette etterslengarar som ikkje var verdt å nemne eller sjå. Men eg var også interessert i å sjå om det stemte. Og heldigvis gjorde det ikkje det. Taxi 5 er så underhaldande som eg kunne håpe på. Eg trur ikkje han leverer i nærleiken av Taxi og Taxi 2, men det er for lenge sidan eg såg dei til at eg kan gjere ei samanlikning.

Manus
Skodespel
Franck Gastambide • Malik Bentalha • Bernard Farcy • Salvatore Esposito • Edouard Montoute • Sabrina Ouazani • Sand Van Roy • Anouar Toubali • Monsieur Poulpe • Sissi Duparc • Ramzy Bedia • Moussa Maaskri • Eric Fraticelli • Saïd M'Roumbaba • David Salles • Elise Larnicol • Romain Lancry • François Levantal • Bengous • Fabrizio Nevola • Fatsah Bouyahmed • Janane Boudili • Frédéric Soulayrol • Peter Thias • Elisa Bujnowskyj • Lionel Laget • Gregory Fromentin • René Maleville • Arriles Amrani • Hamza Bensahnoune • Ichem Saïbi • Redouane Bougheraba • Ichem Bougheraba • Karim Jebli • Nordine Salhi • Charlotte Gabris • Philippe Lesoing • Cut Killer • Jean-Pascal Zadi • Pattaya • Phélipé • Anne Lise Schaich … Minimer … Vis alle