Taylor Swift: The 1989 World Tour Live

Film / 2015
5/5

Eg legg ikkje skjul på at Taylor Swift har blitt ein av mine favorittartistar dei siste par åra. Fengjande og glad musikk som er lett å lytte til, ukomplisert og vellaga.

Taylor Swift: The 1989 World Tour Live er ein eksklusiv konsertfilm laga for Apple Music, som eg no har sett eit par gonger i to periodar med denne musikktenesta. Filmen er over to timar lang, og består av ei framføring under ein konsert i Sydney, samt små intervju med Taylor Swift og innslag frå bak konsertane i turneen. Temaet som går igjen er framføringa til andre artistar i lag med Taylor Swift på scena.

Det er ikkje stort meir å seie om ein konsert at så lenge lydkvaliteten er god, bilda er gode, og eg likar musikken, så er det bra. Og at det sjølvsagt ikkje høyrest ut som ein kopi av studioalbuma, men er si eiga greie og har si eiga stemning. Noko denne konsertfilmen har.

Taylor Swift: The 1989 World Tour Live 2015 plakat - Filmdagbok