Teaching Mrs. Tingle

Kevin Williamson var kanskje på topp mot slutten av 1990-talet, med Scream-filmane og Dawson's Creek. Teaching Mrs. Tingle med blant andre Katie Holmes, som slo gjennom med Dawson's Creek, Helen Mirren og Marisa Coughlan, er eit skjær i sjøen.

Det finst fleire gode tenåringsfilmar frå 1999, men Teaching Mrs. Tingle er ikkje blant desse. Det er ingen ny og spesiell grunn til at eg ikkje lar meg begeistre særleg. Filmen engasjerer lite, Katie Holmes er meir irriterande enn truverdig, og det skjer stort sett lite. Kevin Williamson prøver nok å skape eit produkt der stemninga er viktig, forteljarmåten er lur med enkelte ting som skjer utanfor skjermen, og der fallhøgda er stor for våre unge heltar.

Dette er iallfall det eg får ut av filmen, men eg er aldri skikkeleg med på at det fungerer. Forsøket er altså verdt å nemne, men ikkje verdt å sjå. Helen Mirren er nok det einaste vedvarande lyspunktet. Ho spelar ei forferdeleg dame på godt vis. Humoren er mørk, men manglar spiss. Eg har sansen for enten det tåpelege eller overraskande, og får heldigvis litt av det førstnemnte i form av nærværet til Jeffrey Tambor på skjermen.

Det er lett å konkludere med at Teaching Mrs. Tingle ikkje er å anbefale. Unntaket er om du er spesielt interessert i enten skodespelarane, sjangeren eller årstalet. For meg gjeld dei to siste.

Teaching Mrs. Tingle 1999 plakat - Filmdagbok