Team Otto On Tour
Otto Robsahm er ferdig med Sinnasnekkern, men ikkje ferdig med oppussing i serieformat. I Team Otto On Tour drar han i lag med ein del andre handverkarar på rundreise i Noreg for å hjelpe påmeldte.
Konseptet er så på sparket gjennomført at det ikkje alltid klaffar med å komme fram til husa dei vel ut, eller å i heile tatt å møte nokon. Så episodane varierer mykje. Dei blei filma og kom ut dagleg, same kvelden som dei blei filma.
Det artige med Team Otto On Tour er at me ikkje får ein serie som har blitt produsert i hel. Arbeidet og opplegget verkar meir ekte og gir inntrykk av å vere bak kulissene, meir enn å likne på Sinnasnekkern.

Publisert
12. november 2019 av Asbjørn Ness
Skapar
Skodespelarar
Hussein El Haddaoui, Kim Rune Gulland, Rolf Langeland, Torry Nyborg, Jonas Alexander Olaussen, Otto Robsahm, Tom Arne Samuelsen, Sigurd A. Tangen, Dagfinn Thorkildsen