Teen Wolf

Det er tullete, men også gøy, når Michael J. Fox spelar ein ungdom som blir varulv og må gjere det beste ut av det.

Teen Wolf er på ingen måte ein typisk grøssar, thriller eller mørk og dyster film, trass i varulvtematikken. Dette er ein ungdomskomedie om å vere annleis, gjere det beste ut av det du kan, og utnytte flaks i uflaks.

Scott (Michael J. Fox) er ein fyr som ikkje er god nok, men som får supre krefter når han ein dag oppdagar at han er ei hybridsak mellom menneske og ulv.

Spe på problemet som er å halde dette skjult, populariteten han får som god på basketballaget, og litt tenåringsromantikk, så har du ein artig komedie som heiter Teen Wolf.

Teen Wolf 1985 plakat - Filmdagbok