Tekkon kinkurîto

Tekkon kinkurîto er basert på ein manga og utvikla av Studio 4°C, eit animasjonsstudio det godt hende du har vore borti utan å vore klar over det, då dei stod bak musikkvideoen Breaking the Habit til Linkin Park og Kid's Story-segmentet i The Animatrix, pluss Memorîzu.

Sentralt i historia finn me brørne Black og White, to foreldrelause ungar som bur på gata i bydelen Treasure City. For dei som kan få kontroll over bydelen ligg det store pengar i å drive forretning der, difor er den japanske mafiaen sjølvsagt interessert. Men Black og White er mindre glad i at nokon prøver å ta over byen deira, og når det kjem til stykket spelar ikkje alder så stor rolle for kva dei set seg opp mot i den samanhengen.

Animasjonen i filmen er rik på detaljar, fargar og teknikkar som hjelp med å frigjere dette frå den todimensjonale flata. Stilen som er særeigen og tøff i kantane, kan i blant gi deg inntrykk av å vere enkelt illustrert, men det tar ikkje lang tid mellom kvar gong han motbeviser deg på dette område. Visuelt snadder altså.

Handlinga er utfordrande og krev konsentrasjon då det alltid skjer noko. Gjennom dei 110 minuttane filmen varer blir me flytta eit stykke i både tid og rom. Eigentleg blir me verande i same område, men det skjer noko med Treasure City etter kvart som karakterane utviklar seg, så det me sit igjen med er eit nytt rom.

Desse to sidene ved filmen er styrken til han sett frå min ståstad. Men det var ikkje nok, eg tykte at det vart kjedeleg i lengda. Eg kjenner tydeleg igjen forteljarstilen frå typen manga eg ikkje er spesielt interessert. Heile greia med historia som vippar over i rare draumar, vondt og godt, fungerte ikkje for meg i denne samanhengen. På det område er eg meir glad i Studio Ghibli. Eg klarar likevel ikkje sjå bort i frå at filmen i blant imponerte med animasjonen sin.

Tekkon kinkurîto 2006 plakat - Filmdagbok