Tenacious D in The Pick of Destiny

Tenacious D har ei langt historie som strekk seg tilbake til første halvdel av 1990-talet. Seriøst populære blei dei ikkje før serien Tenacious D kom på HBO i 1997, og dei etter kvart slo skikkeleg gjennom når dei lanserte debutalbumet i 2001.

Med bakgrunn i oppdikta bandhistorie er det filmen då tek utgangspunkt i at Jack Black og Kyle Gass møtes, for så å forme gruppa med det klingande namnet Tenacious D. Dei som har sett serien kjenner igjen fleire element i denne filmen, som kanskje vil verke litt lite gjennomført med tanke på nye publikumarar.

Eg tenke først og fremst på karakteren Lee (JR Reed). No er eg ein av dei som har sett serien, og tykker filmen mest tek dei gode gamle ideane og pussar det opp til eit lettare skode. Filmen tilfører likevel nok nytt til at eg tykker han rockar godt, og at han fell i smak her.

Jakta på eit gitarplekter som visstnok skal gi utanomjordiske speleferdigheiter er den raude tråden, men det handlar nok mest om forholdet mellom Jack Black og Kyle Gass når alt kjem til alt. God film, trass i at det for det meste er repetisjon av gammalt materiale.

Tenacious D in The Pick of Destiny 2006 plakat - Filmdagbok