Tenet

Film · 2020 · · 24. oktober 2020
4/5

Tenet er ein god film på grunn av si finurlege oppbygging. Og det er ein film som er verdt å la vere og oppsummere, for at du som lesar skal få same glede i å oppleve historien utan å vite for mykje på førehand.

Det eg kan sei er at dette ein god agentfilm med ei akkurat passe stor mengde science fiction. Det er ein science fiction-film av typen eg likar, der ein god og passe unik ide blir utforska utan at det går på bekostning av forståelege forteljargrep og anna interessant innhald i filmen.

Eg såg Tenet på kino, som første film på ni månader. Og eg opplevde at speletida på to og ein halv time gjekk unna som tida berre gjer i dei mest engasjerande filmane. Det skal noko til for å fortelje ei historie på film som held taket så lenge.

Eit anna interessant aspekt ved Tenet er at det er ein film som får meg til å stille spørsmål. Både fordi det skjer så utruleg mykje, men også fordi enkelte samanhengar er interessante på eit teoretisk plan. Så dette er mat for ettertanke.

Så er det mykje anna å trekke fram. Gode skodespelarar. Herleg bruk av lydeffektar som grensar mot å vere filmmusikk og omvendt. Filmen er heller ikkje framand for god action, spenning og frampeik på høgt nivå, men utført på lurt vis.

Les også meldingar på montages.no (norsk) og cine.no (norsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
Tenet 2020 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Juhan UlfsakJefferson HallIvo UukkiviVis alle