Terkel i knibe

Eg hadde håpa på ein hysterisk og mørk animasjonsfilm, men Terkel i knipe var ikkje meir enn halvmorosam på sitt beste, og blei litt kjedeleg i lengda. Det er mange artige detaljar som likevel aldri klarar å gjere filmen ekstraordinær. Berre ein plass i filmen lo eg ekstra høgt, men det var ikkje nok. Det var altså der filmen var på sitt beste, nemleg halvmorosam. Historia blir for barnsleg, og overskugga det av blod som er.

Det einaste eg i grunn likte var banninga og orda som blei brukt, som var veldig oppfinnsame. Samt animasjonen har sin eigen rare og enkle stil. Men etter å ha gått lenge og håpa at denne filmen skulle vere så mykje meir, føler eg meg snytt.

Terkel i knibe 2004 plakat - Filmdagbok