Terminal Invasion

Terminal Invasion er ein science fiction og grøssar med Bruce Campbell og eit par andre mindre kjente skodespelarar frå mindre roller i blant anna Star Trek: Deep Space Nine.

Bruce Campbell er ein fange på veg til dødscella, men snøstorm og glatte vegar framprovoserer ei bilulykke for fangetransporten. Han og vaktene tar seg til fots til ein knøttliten flyplass i ingenmannsland, ein flyplass som viser seg å vere godt besøkt av romvesen i forkledning same kveld.

Filmen går føre seg i enkle kulisser, er smått krydra av billege spesialeffektar, og har få lyspunkt bortsett frå ufrivillig komedie. Det finst også spor etter frivillig komedie som faktisk fungerer, men stort sett er filmen så håplaus at det ikkje er frustrerande lengre.

Som fan av Bruce Campbell er det vanskeleg å unngå og nemna han som eit lyspunkt, men så er karakteren hans ganske tøff i utgangspunktet. Han blir stadig gitt skulda, som den kriminelle han er, men er likevel taus og beherska.

Dei andre som opnar munnen meir, seier sjeldan noko fornuftig. Dialogen er som forventa kunstig og handlingane til dei stereotypiske karakterane føreseielege. Det er nok likevel mangelen på handling som trekk mest ned, og mangelen på nødvendig spenning på den avstengte flyplassen.

Terminal Invasion har akkurat nok for seg av dårlege greier til at eg ikkje føler det var bortkasta tid. At du skal like han krev at du både forventar og er klar for ein dårleg film. Du har gjerne eit forhold til ein av skodespelarane eller regissøren Sean S. Cunningham, som er mest kjent for Friday the 13th.

Terminal Invasion 2002 plakat - Filmdagbok