Terminator Genisys

Film · 2015 · · 6. september 2016
3/5

Ei stund verkar det som eit av dei nyare tilskota til Terminator-franchisen er ei utvida nyinnspeling av The Terminator. Me får fortalt historia om tidsreisa frå framtida tilbake til 1984 i Los Angeles, som var korleis The Terminator frå 1984 starta, sett frå eit framtidig perspektiv.

Men så blir retninga historia tar endra, og tidslinja og handlinga frå The Terminator har ikkje lenger eksistert. Nye hopp i tida fører til ein noko meir kompleks, men ikkje uforståeleg gang. Kor Sarah Connor, T-800 og andre blir involvert i andre kampar enn tidlegare.

Ein av tinga eg likte godt med Terminator Genisys var at filmen ikkje prøver å forvirre for å skjule kor mykje styr det er med tidsreisene. Det er relativt enkelt å holde tunga rett i munnen, og mykje blir forklart. For ein flisespikkar kan det vere mogleg dette ikkje heng på greip, men for ein overflatisk publikummar som meg i dette tilfelle var det kurant.

Eg likar også at motstanden i stor grad baserer seg på den same teknologien som me blei introdusert til i 1984-filmen The Terminator. Med enkelte små oppgraderingar og utvidingar, men i grunn det same.

At Arnold Schwarzenegger er tilbake er eit anna pluss. Korleis dei har løyst aldringa hans, og brukt datagenererte versjonar av han for å få ein ungt utsjånad T-800 er innanfor. Rolla hans er ikkje spesielt djup, og humoren ikkje særleg ny, men han er forseggjort og fungerer godt i Terminator Genisys.

Filmen har ikkje berre positive aspekt. Det er i overkant av vanvittige kampscener som fører til ei trøyttleikskjensle av desse. Eg likar slåsting på film, om det er gjort rett. Eksempel på rett er om filmen har lagt eit godt grunnlag i karakterbygginga, som gjer utfallet til slåstinga spennande, då eg i større grad vil heie på nokon. Eller om det er noko imponerande, som ofte går ut på rå fysikk og fråvær av spesialeffektar.

Terminator Genisys på si side har store mengder våpenkampar, kor våre heltar skyt mot ein avansert robot som ikkje vil ta skade av skytinga. Eller urealistiske sekvensar kor dei overlev litt for mange dryge hendingar på rad. Begge desse to tinga tar bort spenning frå filmen. Uansett om dei skulle vere velproduserte eller visuelt slåande.

Dommen er altså ei noko over middels rangering for Terminator Genisys. Ein film med eit godt utgangspunkt, som også er kurant underhaldning, men som går seg vill ved å følge dagens kvotestandard for spesialeffektar i ein storfilm.

Terminator Genisys 2015 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Arnold SchwarzeneggerJason Clarke (I)Emilia ClarkeVis alle

Land