Terms of Endearment

Terms of Endearment fortel historia om eit forhold mellom mor (Shirley MacLaine) og dotter (Debra Winger), der mora er noko overbeskyttande og kravstor, mens dottera endar opp som ein relativt fungerande person.

Filmen går gjennom fleire fasar av livet til desse to, som ekteskapet til dottera, flytting, åleinetilværet til mora, forholdet til mora til naboen og meir.

Terms of Endearment er av den litt lenger typen film, som ikkje stressar ei enkelt handling, men gir eit heilskapleg bilde av livet til ei gruppe menneske. Med alle dei negative og positive påverknadane dei har på kvarandre, og korleis dei handterer eksterne forhold.

Sjølv om historia er interessant, er det dess viktig at karakterane er spesielle og skodespelarprestasjonane er gode i mangelen på ei unik handling. Jack Nicholson er det desiderte lyspunktet, om enn i ei birolle så gjer han filmen rikare. Mannen er blant dei beste skodespelarane i vår tid, utan tvil.

Shirley MacLaine følger tett på. Ho gir, sjølv om ho ikkje er karakteren som er lettast å like, ein flott presentasjon som mora i filmen. Hennar historie er den mest interessante i filmen, om forvandlinga hennar frå striks og litt firkanta til meir fri i godt vaksen alder. Denne delen av filmen trumfar den meir markante delen av filmen som er forteljinga om livet til dottera.

Totalt sett gjer Terms of Endearment ein god jobb som familiedrama.

Terms of Endearment 1983 plakat - Filmdagbok