Terrore nello spazio

Terrore nello spazio av Mario Bava serverer humor på lik linje med Diabolik, med sine banale dialogar og fjern handling.

To romskip landar på en ukjent planet som har sendt ut signal over ein lenger periode. Målet med turen er å finne ut kven som sender ut desse signala, for etter spekulasjonar på om det er radioaktivitet eller andre årsaker til utsendinga, så blir det plutseleg klart at det må vere intelligent liv som sender ut signala, og at det aldri har vore påstått anna i frå filmen.

Både på veg til landinga og på planeten skjer det uforståelege ting som heller ikkje infraraudt utstyr har fullstendig kontroll over. Etter å ha sett to Mario Bava-filmar så er det vel trygt å sei at fyren har ein fascinasjon for infraraud teknologi. Han kan visst brukast til alt.

Kulissene verkar gjennomførte og stilistiske, likevel om dei ikkje alltid er så truverdige, men teknologi som mobilklokker med kamera er jo ikkje anna enn eit veldig godt framtidsretta syn frå den kanten.

Elles fungerer musikken og kamera i perfekt harmoni, og eg simpelt hen elskar bruken av å zoome inn bilde veldig fort kombinert med slagkraftig umiddelbare musikk.

Det morosame med tittelen Terrore nello spazio er at filmen faktisk ikkje har vampyrar med i heile tatt. Tittelen er det 16. i rekka av tittelforslag. Terrore nello spazio på ei anna side betyr jo Terror i (verds)rommet, som for så vidt passar betre til filmen.

Terrore nello spazio 1965 plakat - Filmdagbok