Texas Terror

Texas Terror er ein av omtrent 70 filmar John Wayne spelte i på 1930-talet. Berre i 1935 spelte han i åtte filmar. No kan denne filmen neste bli sett på som ein slags episode av ein serie, i og med at lengda er på under ein time. Men det er framleis ein film frå eit tiår kor westernfilmar av typen B-film blei produsert i hopetal.

I Texas Terror spelar John Wayne ein sheriff som trur han kan ha drept ein venn, og difor sluttar i yrket og forsvinn frå sivilisasjonen. Då dattera til vennen kjem til byen ei stund etterpå, kjem han tilbake og møter dei utfordringane dette byr på.

I korte trekk er dette både ein romantisk film, og ein film om kva retning livet kan ta basert på ei misforståing. Det er ein westernfilm med heltar og skurkar, og John Wayne representerer den gode sida.

Når det kjem til vurderinga mi av denne, så kjem han litt kort. Det går litt tregt, og eg mistar interessa undervegs. Det er nok ikkje nok framgang, men heller opplagt og langdryg dveling rundt dei same poenga som gjer at filmen ikkje lev opp til forventingane. Ikkje at dei var store i utgangspunktet, men eg hadde håpt på meir underhalding enn eg fekk her.

Eg trur det held med B-filmane med John Wayne frå 1930-talet i denne omgang. Men ser ikkje vekk frå at eg ser fleire i framtida. Det er ein viss sjarm med desse enkle westernfilmane.

Texas Terror 1935 plakat - Filmdagbok