Thank You for Smoking

Er dette verkeleg meint som ironisk underhaldning, eller står faktisk tobakksindustrien bak? I filmen blir eit samarbeid mellom store tobakkselskap og Hollywood omtalt, på eit mykje tydelegare nivå sjølvsagt, men det kan jo også bli sett på som at filmen gjer narr av sjåaren, som blir proppa full med, ikkje akkurat direkte, men likevel, godsnakk om sigarettar.

Dette tar meg over på djupna til filmen. Eg tykkjer at filmen gjer seg godt både som enkel humor og det at han har ein djupare, meir tankekrevjande, humor. Det er flust med ironi, sarkasme i denne tobakksrelaterte satiren. Nok av organisasjonar får smake av kritikken her, på eit underhaldande grunnlag. Dette er med på å løfte filmen over mykje av det PR-kåte komediemateriale til Hollywood, og gjer at eg trur filmen vil klare seg betre hjå dei som set pris på ein meir intelligent sak.

No skal eg ikkje skryte filmen opp i skyene, for det finst mange element som er tatt med for å gjere denne filmen publikumsvennleg, og eg set pris på det.

Andre kan godt finne grunnar til å ikkje sjå denne filmen, men til sjuande og sist er det underhaldningsverdien som tel for min del. Eg hadde stor glede av å følge enkle ting som sceneskifte som danna ei tredje meining, lese ironien i episodane som oppstår, og notere meg alle dei triksa og den informasjonen – som ikkje nødvendigvis er sann, men likevel artig – som blei gitt.

Har eg skifta syn på tobakk? Nei. Det skal meir til enn dette for å endre synet mitt på eit så omfattande område.

Thank You for Smoking 2005 plakat - Filmdagbok