That '70s Show

Serie
1998–2006
4/5

Etter åtte år med That '70s Show er det tungt å ta farvel med serien. Sjølv har eg ikkje følgt med i meir enn eit år, men føler likevel eg har ei historie med han. Førre sommar såg eg dei sju første sesongane.

Grunnen til at eg likar serien er blant anna tidsepoken og miljøet, som gir eit fargerikt preg. Det handlar om gode gamle hobbyar og trendar framfor å vere ein ungdomsserien som prøver å vere eit forbilde for ungdommane i dag.

Eg vil ikkje legge skjul på at That '70s Show er av dei enklare komediane. Mange av vitsane er heller ikkje like morosame. Ein del står seg på enkle poeng som går opp igjen i det uendelege. Men eg finn ei glede i nokon av desse, som karakterane i serien og miljøet.

Utover i tredje sesong er serien på veg opp på sitt toppnivå. Eg hugsar eg lét meg underhalda som best av han og fjerde sesong, før kurva peika nedover igjen. Det er ei hårfin linje som skil desse episodane frå tidlegare, produksjonen verka hakket meir profesjonell og ikkje minst påkosta, då med tanke på fleire opphaldsplassar for ungdommane. Dei ulike karakterane har sett seg meir som individ framfor å berre vere den faste gruppa.

Tid har alltid vore vanskeleg i That '70s Show. Då serien starta var året i handlinga 1976, og kvar sesong hadde sine spesialepisodar for jul, nyttår og halloween. Likevel avslutta åttande sesong på nyttårsaftan 1979. For å oversjå slike detaljar er det klart at skaparane av serien har gitt Eric, Fez og resten av gjengen det som skulle tilsei at dei var blitt litt eldre, utan å ta i frå serien alt av barnsleg humor.

Først i fjerde sesong er det ikkje berre er Eric som viktig i That '70s Show. Tidlegare i serien tok han mesteparten av merksemda. I fjerde sesong har det blitt gitt meir tid til dei andre, sjølv om forskjellen knapt kan merkast før eg oppsummerer sesongen i ettertid.

For å hoppe til slutten, først som sist. Åttande sesong var ulikt på fleire måtar. Det var opphavleg planlagt at serien skulle gi seg etter sjette sesong, men likevel kom det to sesongar til. Desse blir som attpåklattar. To viktige rollefigurar forsvann, og etterlet seg eit merkbart tomrom i serien. Ashton Kutcher som Michael Kelso tok farvel med oss i fjerde episode i sesongen, mens Topher Grace som Eric Forman gav seg etter sjuande sesong.

Forutan å ha mista to viktige rollefigurar frå serien, har det skjedd endringar som kan merkast etter kvart. Som ny opningssekvens. Og ein ny fyr i gjengen, Randy. Han er kanskje ein slags mellomting med dei beste eigenskapane frå Kelso og Eric. Og Kitty har forresten ny hårsveis.

Bortsett frå desse småtinga, så har folket blitt vaksne. Det vesle dei held på av ungdom blir ikkje så uskyldig morosam lengre. Det blir nesten litt tragikomisk at dei som er igjen ikkje har komme seg lengre i livet. Vitsane er for lengst brukt for mange gonger, og det blir servert mange vitsar her som er for tørre for meg til og med. Enkelte rollefigurar irriterte. Den einaste som har tilført serien noko er Fez, som har klart å halde på litt av den gamle sjarmen sin.

Dei siste episodane av den siste sesongen skil seg ut frå resten av åttande sesong med at dei er meir morosame. Og dei gir ei djupare meining sidan dei er meint å avslutte serien. For det var ein tam sesong, med mange tamme vitsar, og ein lang tilvenningsperiode der eg ikkje klarte å tenke meir enn at dei burde ha gitt seg på topp. Spesielt ei omvising i mellometasjen i huset til Forman, leia av Kitty i nest siste episode var utruleg stilig. Du fekk sjå korleis veggen bak kamera ser ut, og blei ført gjennom huset samanhengande. Men avsluttinga altså, ho var absolutt verdig, og faktisk litt rørande.

That '70s Show er på mange måtar ein perfekt serie å ta gjensyn med, for det første likar eg serien veldig godt, noko som bygg opp under mitt andre poeng, eg såg tidlegare veldig mange episodar på kort tid.

That '70s Show 1998-2006 plakat - Filmdagbok

Publisert

19. mai 2006 av

Skaparar

Mark Brazill, Bonnie Turner, Terry Turner

Skodespelarar

Mila Kunis, Danny Masterson, Laura Prepon, Wilmer Valderrama, Debra Jo Rupp, Kurtwood Smith, Don Stark, Ashton Kutcher, Topher Grace, Tanya RobertsVis alle 405 skodespelarar

Sjanger

Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om That '70s Show