That '80s Show

Skaparane bak That '70s Show prøvde i 2002 med That '80s Show å gjenta suksessen dei hadde med 1970-talsserien, men utan hell. Det blei med 13 episodar mellom januar og mai, sendt i stokka om rekkefølge og ulike tidsrom. Dette var på Fox.

Glenn Howerton og Chyler Leigh er blant hovudrollene i serien som gjentok oppskrifta til That '70s Show med eit liknande namn og oppbygging. Serien er verken ei fortsetting eller ein avspinnar til That '70s Show. Han er heller ikkje spesielt god. I blant er han litt morosam, men verken mykje eller lenge om gangen.

Forsøket på ein sprø humor blir eit strev og serien osar av eit kunstig samhald og dårlege vitsar med dårleg timing. Lyspunktet er Chyler Leigh som best kan bli samanlikna med Hyde frå That '70s Show. Ho har eit tøft ytre som punkar og byr tidvis litt på eit mjukare og meir personleg indre, og er den karakteren ein overflatisk situasjonskomedie som That '80s Show treng for å overleve. Dessverre er det berre ei av ho.

That '80s Show er verken å finne på DVD eller verdt å anbefale. Det er ein kuriositet som er lite snakka om, og det er hovudsakleg der interessa ligg.

That '80s Show 2002 plakat - Filmdagbok