That Awkward Moment

That Awkward Moment viser til den augneblinken du enten definerer forholdet som eit parforhold, eller som noko uforpliktande. Det er denne augneblinken Jason (Zac Efron) nok ein gong står over, og det endar opp med at dama slår opp, utan at han visste at dei eigentleg var i lag.

Vennene til Jason, Daniel (Miles Teller) og Mikey (Michael B. Jordan) har også sine problemfylte kjærleiksliv. Dei tre i lag bestemmer seg derfor for å kutte ut forhold, og forbli einslege. Men ikkje før dei har inngått denne pakta, så møter Jason ei som heiter Ellie (Imogen Poots) som kan vere den rette. Daniel innser at venninna Chelsea kan vere den rette, og Mikey har alltid trudd at kona var perfekt.

Herifrå og ut så er That Awkward Moment fullt ut ein romantisk komedie. Men kanskje det er rett å sei ein moderne romantisk komedie, eller tidsriktig, i og med at typen forhold og situasjonar er varierte, og måten handlingane har sine utspring i dei opne samtalane til menn om sine kjærleiksliv. Likevel sit eg ikkje med inntrykk av at dette er ein film der samtalen er viktigast, eller at kjensler blir snakka om i stor grad.

That Awkward Moment hadde sider ved seg som eg likte, som innfallsvinkelen og karakterane først og fremst. Eg var interessert i historiene og gangen, og kjeda meg ikkje undervegs. Ettersom det her er ei blanding av ei akkurat passe mengde karakterar med historiene sine, så la ikkje forventingane for stort press på filmen som heilskap. Dette gjorde sitt til at eg lét meg underhalda undervegs, og ikkje venta på slutten og resultatet.

That Awkward Moment 2014 plakat - Filmdagbok