That Thing You Do!

Film · 1996 · · 20. juli 2015
2/5

Eit band på ein liten plass blir brått populære, då dei må byte ut trommeslagaren med ein ny, og den nye trommeslagaren aukar takten på ein av songane deira. Songen heter That Thing You Do! og banar veg for ein popularitet som spreiar seg meir og meir.

Det handlar om dette one hit wonder-bandet i den første filmen Tom Hanks er regissør handlar til. Eit band som forresten er fullstendig oppdikta. Det handlar om deira raske suksess, dei ulike interessene til medlemmene og måten dei taklar suksessen på. Dette er først og fremst ein komedie, og tidvis ein heilt grei ein.

Men etter kvart har songen That Thing You Do! blitt spelt så mange gonger at eg knapt orkar meir. Eg trur at det først og fremst er poenget med at filmen handlar om denne eine songen, som hindrar han i å bli noko meir. Den dramatiske delen av filmen sit heller ikkje djupt nok, og når humoren heller ikkje leverer topp i lengda, så blir det fort kjedeleg på fleire måtar.

Den første filmen til regissøren Tom Hanks er i så måte eit vonbrot, og ein som du kan styre unna.

That Thing You Do! 1996 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Tom Everett ScottLiv TylerJohnathon SchaechVis alle

Sjangrar

Land