The 5th Wave

Den enklaste måten å skildre The 5th Wave på i korte trekk er at det er ein god, men dårleg film. Han har eit driv, ei heilt grei kjerne, greitt skodespel, men også mange dumskapar, irritasjonar og generelt lite spenning.

Me følger ei ung kvinne spelt av Chloë Grace Moretz, som etter alle standardar er ei tøff og kvikk hovudrolle i ei verd i kaos.

Ein usett og utanomjordisk trussel rammer jorda med nokon omfattande angrep i forsøk på å utrydde menneska. At skapningar ikkje sjåast, men berre deira handlingar, er eit godt grep som dreiar fokuset mot korleis karakterane våre taklar dette. Som er det filmen handlar om.

Det er ikkje nødvendigvis av legendarisk art, men ei stund lovar filmen godt i sin oppbygging. Akkurat kor nedturen startar er eg usikker på, men rundt ein stad då den femte angrepsbølga nærmar seg. Og når handlinga dreier seg om eit militære med barn og nokon løyndommar som er lett å avsløre og som me eigentleg skal bli overraska over seinare.

Det er nok her det skin gjennom at The 5th Wave berre har blitt filmatisert fordi det i utgangspunktet var ein young adult-roman om ei dystopisk verd. Og det er i vinden om dagen.

The 5th Wave 2016 plakat - Filmdagbok

Publisert

18. oktober 2016 av

Regissør

J Blakeson

Manusforfattarar

Susannah Grant, Akiva Goldsman, Jeff Pinkner, Rick Yancey

Skodespelarar

Chloë Grace Moretz, Matthew Zuk, Gabriela Lopez (III), Bailey Anne Borders, Nick Robinson (X), Ron Livingston, Maggie Siff, Zackary Arthur, David Maldonado (I), Paul RydenVis alle 116 skodespelarar

Sjangrar

Action, Eventyr, Drama, Fantasi, Science fiction, Thriller

Land

USA, Storbritannia

IMDb

IMDb-side om The 5th Wave