The Abyss

James Cameron har laga ein spennande film med The Abyss, eit undersjøisk eventyr innblanda med kald krig og utanomjordiske vesen.

Eit avansert farty drifta av godaste Ed Harris, blir sett inn for å hjelpe militære i å hente ut teknologi i frå ein havarert ubåt. Dette medfører eit basketak mellom usympatisk militært personell og dei litt for kjenslestyrte, dedikerte personane som driftar redningsfartyet.

The Abyss er fiffig i oppbygginga av spenning og det er eit sjakktrekk å plassere handlinga på botnen av havet, ekstra langt nede. Trusselen det høge trykket på alle kantar er, medfører at alle konfrontasjonar innvendig blir ekstra sett på spissen. Dette blir så effektivt at stereotypane James Cameron brukar som rollefigurar, som eg ikkje har særleg mykje verken for eller i mot, blir tilsløra akkurat så mykje som det skal til for å svelgje det.

Store ord blir preika og det heile er ikkje i nærleiken av å vere realistisk, men The Abyss gir både grøss og kaldsveitt rygg på sitt beste, og oppnår innimellom litt av den klaustrofobiske atmosfæren som Ridley Scott fekk til i Alien.

Svar på eventuelle spørsmål om The Abyss er verdt å sjå, kjem heilt an på i kva grad du forventar eller forlangar skikkelege rollefigurar og ein i heilskap original forteljing. Du får ingen av delene her, men innanfor dei rammene som eg har prøvd å forklare her får du god spenning i massevis.

The Abyss 1989 plakat - Filmdagbok