The Adventures of Ichabod and Mr. Toad

Film · 1949 · · 30. desember 2020
4/5

The Adventures of Ichabod and Mr. Toad er på sitt vis to korte animasjonsfilmar i eit. Kvar på omlag ein halvtime.

Den første handlar om herr Toad. Han er ein utsvevande og rik karakter som likar å bruke pengar. Og no står han på grensa til å miste alt han eig. Mens vennene hans forsøker å hjelpe, får herr Toad ei ny mani som krev tida og pengane hans. Så ein dag går det dårleg, og herr Toad blir skulda for tjuveri. Ei rettsak følger. Så her er det altså meir enn berre lett og ledig humor. Dette er ein film som gjer eit godt forsøk på litt seriøs tematikk også. Absolutt topp saker.

Den andre handlar om Ichabod. Han er lærer, opptatt av kultur, har draget på damene og er ny i ei lita landsby. Der hamnar han blant anna i konkurranse med ein innfødd om den rikaste, penaste unge kvinna i området. Før filmen avsluttar med ei spøkelseshistorie. Her hoppar eg med vilje over det meste av oppsummering av handlinga. Dette er som med den første delen ganske bra på bakgrunn av måten det er laga på. Måten historia er fortalt på, og korleis den artige animasjonen utfyller historia og treff godt på både humor og alvor.

The Adventures of Ichabod and Mr. Toad er ei god oppleving på litt over ein time totalt, og kan anbefalast.

The Adventures of Ichabod and Mr. Toad 1949 plakat - Filmdagbok